Featured

Beredskap

Grunna dei store nedbørsprognosane i kveld har IHK sett gult beredskapsnivå. Dette innebærer meir bemanna driftssentral og ei desentralisering av ressursane for å vere betre rusta i tilfelle ras og stengte vegar.

Med bakgrunn i problem knytt til flaum, ras og vind kan straumen i perioder forsvinne. Dersom straumen skulle bli borte kan det vere utfordrande å feilrette medan været står på. Me vil forsøke å informere nærmare dersom noko skulle oppstå. 

Me ser nokre gonger i feilsituasjoner at vakt-telefonen vert overbelasta av kundar som vil informere om at straumen er borte. Mange slike henvendelser kan stenge ute den person som t.d. har informasjon om årsak til straumbrotet. Det er ikkje behov for å kontakte vakt for å informere om at det er eit straumbrot. Ved større feil har IHK system som sender automatisk alarm til vakta. Me ber om at telefonlinja vert heldt mest mogleg åpen for dei som har viktig informasjon til IHK eller dei som har behov for bistand.