Featured

Driftsfeil 02.06.2025

Idag litt over kl 11 var det utfall av nettforsyninga i Eidfjord Kommune. Dei fleste fikk straumen attende i løpet av ca 5 minutt. 

Erdal og Bu fikk straumen attende etter ca. 20 minutt.

Nokre kundar i Eidfjord Sentrum fikk straumen attende etter ca. 50 minutt. 

Me har lokalisert feilen og arbeider med repersjon.

Sammendrag:

IHK har utveksling mot Statnett i Sima. Overspenning frå Sima førte til at ein 22kV-høgspent-kabel i Eidfjord havarerte. Me antar at kabelen hadde ein svakhet/skade og at overspenninga var utløysande årsak. Kabelfeil er ofte utfordrande å finne. Me var heldige å mottok tips om brent/svidd lukt i området på Lægreid der havariet var.