Featured

Feil Jondal 10.12

FEIL PÅ STRAUMFORSYNING 10.12 i Jondal og mot Utne. IHK har mista normal strømforsyning frå Fagne/Mauranger. IHK har fått beskjed om at feilen er varig og me arbeider med å gjenopprette strømforsyninga via vårt reservenett. Anlegg må reknast som straumførande under heile utkoblingsperioden. Mvh Indre Hordaland KraftNett AS

Utfallet starta kl 21:16. Det vart forsøkt gjeninnkobling frå hovednett, men grunna varig feil måtte IHK starte kobling mot reservenett. Dette krev ein stegvis gjenoppretting for å unngå nye utfall. Noko som gjer at jobben krev noko tid å gjennomføre. Ca. kl 2230 vart alle kundane spenningssett. Ca. kl 23:15 vart kundar på strekninga Jondal-Utne-Aga berørte av eit kortvarig utfall på eine reservelinja.

Kring 1300 kunder var uten straum på det meste. 

Gjennom natta og idag Torsdag skal alle kundar ha hatt straum som normalt.

IHK har fått informasjon om at feilen skyldes utfall på Statnett si 300kV linje som forsyner Mauranger. Denne linja er tilknytninga mellom nettet i Jondal og den nasjonale straumforsyninga. Utfallet får følger for både Fagne og IHK sitt underliggande nett.