Featured

Feil Ulvik

Kl 06:23

FEIL PÅ STRAUMFORSYNING 01.01.26 mellom Hakestad og Solheim i Ulvik. Me arbeider for å finne feilen. Dersom nokon har info. om mogeleg årsak til feilen, ber me om melding til vakt 99535100. Anlegg må reknast som straumførande under heile utkoblingsperioden. Mvh Indre Hordaland KraftNett AS

Oppdatert 08:12

feil seksjonert til å kun gjelde Rondestveit. Me leiter etter feilen. Ukjent når straumen kjem attende for kundar på Rondestveit og Solheim.

oppdatert 08:44

Kl 08:34 vart Ulvik sentrum berørt av eit kortvarig utfall.

oppdatert 09:45

tre vart funne på linja ved Solheim. Treet er fjerna og Kl 09:40 skal alle kundar ha straum att som normalt.