Installasjon og tilknyting av nye kundar

Nedanfor kan du lese nokre føringar og nyttig informasjon som det er viktig å kjenne til når ein skal knyte seg til straumnettet vårt. I nokre høve er det uproblematisk å knyte nye kundar til straumnettet, spesielt i nye tilrettelagde felt der det er tatt høgde for effektbehovet. I andre område er det ikkje ledig kapasitet i det heile. Me jobbar kontinuerleg med å gjere nettforsterkningar, slik at alle nye kundar kan knyte seg til straumnettet vårt.

Praktisk informasjon:

  • Ved ny-installasjon tek ein kontakt med installatør. Før installasjonen startar får Indre Hordaland KraftNett (IHK) ved Det Lokale Eltilstyn (DLE) melding frå installatør. I meldinga skal det koma fram kva som skal gjerast, effektbehov, gnr/bnr for tomt m.m.
  • Indre Hordaland KraftNett avgjer kvar kunden sin inntakskabel vert tilkopla til vår straumnett. Dette er leveringspunktet der IHK plasserer kortslutningsvern mot kunden sin inntakskabel. Det skal vera eit kortslutningsvern til kvar installasjon.
  • Der det er luftleidning frå straumnettet til IHK og til bustad er leveringspunkt på husvegg. Kortslutningsvernet er som oftast plassert innanfor husvegg og er kunden sitt ansvar. Sjå IHK sine pdfleveringsvilkår §4 - tilknyting side 18.

Kostnader med nett-tilknyting:

  • I kvart tilfelle vert det ein vurdering om straumnettet kan bera effektauken. Dersom Indre Hordaland KraftNett må gjere naudsynte forsterkningar i straumnettet eller byggja nytt straumnett for å kunne knyta til ny kunde, må kunde / utbyggjar dekka delar eller heile anleggskostnaden. Dette vert fakturert som eit anleggsbidrag (sjå eigen side) og er i tråd med dei retningslinjer gjeve av NVE, §17-5 i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering
  • All installasjon etter fordelingsskåpet / leveringspunktet til Indre Hordaland KraftNett, må kunde kosta sjølv. Det må installerast skåp med plass til straummålar og overbelastningsvern i sikringsskap hjå kunden.
  • Storleiken på overbelsatningsvern varierer. For bustader er det 3 x 63A for 230 V anlegg IT-nett og for 400V TN-nett er overbelastningsvern 2 x 40 eller 4 x 40A. Er det ledig kapasitet på transformator og i lågspentnettet, kan me tillata overbelastningsvern over denne grensa.

Sluttkontroll av nytt elektrisk anlegg:

  • Når Indre Hordaland KraftNett v/DLE får melding frå installatør om at installasjonen er ferdig og hytteeigar har betalt tilknytingsgebyr og eventuelt eit anleggsbidrag, kan tilknyting skje.
  • Inntakskabel skal vere tildekt før tilkopling til straumnettet. Anlegg der inntakskabel ikkje er tildekt vert ikkje tilkopla.
  • Me oppfordrar alle våre kundar til å vere med når DLE kontrollarer den elektriske installasjonen i hytta. Når me kontrollerer installasjonen, går me gjennom ei sjekkliste som består av minst 20 punkt for den elektriske installasjonen. Ønskjer du å delta saman med vår kontrollør, må du ta dette opp med din autorisert installatør eller DLE.

Dersom noko er uklart, ta kontakt med Indre Hordaland KraftNett. Kontaktperson er avdelingsleiar målar/tilsyn Steinar Utne, mobil 90 94 60 75