Byggja, grava eller rydda skog?

Skal du grava i bakken? Dersom du skal grava på privat eller offentleg grunn, må du undersøkja om det er straumkablar i grunnen. Du kan verta erstatningspliktig dersom du forårsakar skade på anlegg og retningslinjene ikkje er fulgt.

Dersom kran, gravemaskin o.l skal brukast nærare enn 30 meter frå luftspenn, skal me varslast før arbeidet tek til. Det er heller ikkje lov å bruka området under luftspenn som lagringsområde. 

Har du behov for å fella eit tre som står nær straumlinjer / luftspenn, og føler risiko ved å fella det sjølv? Ta kontakt så gjer me ein avtale. 

TENK TRYGGLEIK FOR DEG SJØLV OG ANDRE.