Dette har du lov å gjera sjølv

Utbetringar, nye anlegg osv. er det godkjent installatør som skal utføra. Følgjande kan du likevel gjera sjølv:

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel
  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.
  • Kopla til, eller skifta topola skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar
  • Kopla til lampettar, bordlamper osv. med bevegeleg leidning og montera leidningsbrytararar
  • Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta. Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.

Ved straumutfall; her finn dupdf tips på kva du kan gjere ved straumutfall