Din heim - ditt ansvar

Kva kan du sjølv passe på ? Det er mykje du kan gjere for å betra tryggleiken, med enkle metodar.

Tørrkoking på komfyr, kaffitraktar, overdekking av elektrisk utstyr er vanlege årsakar til brann eller branntilløp. Oppvaskmaskin, tørketrommel, klesvaskemaskin og andre vanlege hjelpemidlar bør vere i bruk når ein er tilstades, og ikkje om natta når ein søv.

Ein god ide er å ta eit familieråd og skrive opp tryggleikstiltak i heimen. Ei bevisst haldning og gode rutinar vil redusere risiko for uhell og skade.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) anbefalar at ein godkjend elektroinnstallatør føretek ettersyn av elanlegget i bustaden din kvart 10. år.

Om det skulle oppstå brann eller røykutvikling, er det viktig at ein har røykvarslarsystem som varslar i tide. Alarmen må vere så kraftig at du vaknar av den på soveromma. I tillegg er det viktig å ha gode rømmingsvegar. Kontroller røykvarslar og skift batteri minimum årleg. Tenk gjennom korleis ein skal evakuere om det brenn ulike stader i heimen.

På www.dsb.no eller www.elsikkerhetsportalen.no finn du mykje informasjon om EL-tryggleik og branntryggleik.

Farlige produkt:

På farligeprodukter.no finner du produkter som myndighetene har vurdert, direkte eller indirekte, at kan være skadelig for deg, samt en anbefaling om hva du bør gjøre. Produktene er innmeldt av forbrukere som deg, leverandører eller produsenter. Produkter som ikke finnes i denne databasen kan fortsatt være farlige, og vi anbefaler derfor forbrukere å melde inn produkter man mistenker kan være skadelige.

Sjekk varmtvannstanken

Elsikkerhetsportalen har laga ein manual på korleis du sjølv kan sjekke vartvannstanken din. Denne manualen finner du på følgande link, sjekk varmtvannstanken.

OSO har opplevd prodlemer med nokon av sine produkt. Sjekk om din OSO varmtvannstank er berørt - OSO Varmtvann

Har du komfyrvakt?

Dei fleste brannar startar på komfyren, og ei komfyrvakt er ei god investering som kan hindre mange brannar.

Sjå meir informasjon om dette på denne nettsida: http://www.sikkerhverdag.no