Internkontroll

Alle verksemder er pålagde å ha eige internkontrollsystem som omfattar m.a. dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.

Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera:

  • Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik
  • Korleis verksemda er organisert, korleis ansvar og oppgåver innanfor HMS er fordelt
  • Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande)
  • Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan)
  • Rutinar for handtering av feil og manglar
  • Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at dei fungerer etter føremålet.

Internkontrollsystemet skal tilpassast verksemda sin storleik og verkeområde.

Internkontrollforskrifta finn du her:  Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter

Korleis laga eit HMS-system

Dette er dei viktigaste trinna i utviklinga av eit system for å følgja opp helse, miljø og sikkerheit i bedrifta:

  1. Arbeidsgjever har ansvaret for HMS og bør ta initiativet til å starta arbeidet, men det er viktig at prosessen skjer i samarbeid med arbeidstakarane. Set mål for arbeidet med HMS i dykkar bedrift, og skriv ned korleis bedrifta er organisert og kven som har ansvaret for å følgja opp HMS-spørsmål.
          
  2. Skaff oversikt over kva lover og forskrifter som er aktuelle for bedrifta. Kva det er vil avhenga av kva slags arbeid de utfører og kor risikofylt det er. Kontakt tilsynsmyndigheitene dersom du er i tvil. 
        
  3. Skaff oversikt over kva sikkerheitsrutinar som allereie finst i bedrifta. Det kan vera rutinar for opplæring, brannøvingar, bruk av verneutstyr osv. Desse kan inngå i  internkontrollsystemet.
          
  4. Kartlegg bedrifta med tanke på risiko. Ein enkel risikoanalyse kan bestå i å stilla tre enkle spørsmål: Kva kan gå galt? Kva kan me gjera for å forhindra det? Korleis kan me redusera konsekvensane dersom det likevel skulle skje?

  5. Kva slags risiko det er snakk om vil variera frå bedrift til bedrift. Det kan dreia seg om belastningslidingar, støy, konfliktar, kjemikalie, farlege maskiner osv. Kartlegginga gjev ei oversikt over kva som bør forbetrast.
          
  6. Lag ein handlingsplan på bakgrunn av kartlegginga. Planen skal visa kva som skal gjerast, kven som skal gjera det og når det skal vera gjort.  
        
  7. Sjølve gjennomføringa av tiltaka er sjølvsagt den viktigaste delen av helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet.     

I tillegg til den jamlege oppfølginga med kartleggingar og tiltak, må bedrifta også med jamne mellomrom gjennomgå sjølve systemet som er bygt opp, og vurdera om det har fungert i praksis eller bør endrast.