Kva er jordfeil?

Jordfeil kan oppstå i varmtvassberedar, vaskemaskin, lysarmatur, varmekablar, spikergjennomslag i kabel, og i mange andre elektriske komponentar. Nyare innstallasjonar har jordfeilbrytar som koblar ut straumen slik at feilen ikkje skal føre til større skade. Den same jordfeilen kan bli målt og gje utslag hjå alle som er tilkopla same transformatorstasjon.

Eigne tiltak for å lokalisere jordfeil :

  1. Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikring)
  2. Slå inn igjen jordfeilbrytaren
  3. Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen.
  4. Slå av/skru ut den kursen som det er feil på. Kopla inn jordfeilbrytar igjen
  5. Slå av alle brytarer, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen, og skru inn/slå på sikringen igjen.
  6. Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du vil då finna det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feil, ta kontakt med innstallatør.

Jordfeil kan kome sporadisk, og såleis vanskeleg å finne. Feil hjå andre kan òg føre til at din jorfeilbrytar slår ut. Fyrste steg er i alle høve å kontrollere eigen innstallasjon, og dette kan ein innstallatør hjelpe deg med. Dersom feil ligg utanfor ditt anlegg, må dette meldast til nettselskapet, Indre Hordaland KraftNett AS.