Kontroll av straummålar

Alle nettselskap vert årleg pålagde å ta ned utvalg av målarar for kontroll. Om ein rutinekontroll syner avvik, kan nettselskapet verte pålagt å skifte alle målarar av denne produksjonsserien. Det er svært lite feil på målarar, og desse kontrollane sikrar at ev. feil ikkje vert langvarige. 

Om du tingar ein målarkontroll av nettselskapet, må du betala eit kontrollgebyr på kr 1000,- om kontrollen syner at målaren går rett. Om kontrollen avdekkar feil på målar, vert det sjølvsagt ikkje gebyr på denne kontrollen.

Dersom du er usikker på om målaren din går rett, kan du kanskje gjere ein enkel test sjølv. Slå av alle sikringskursar med unntak av ein kurs som du er heilt sikker at det ikkje er belastning på. Ta sikringskursane, då dette sikrar 0 belastning på anlegget. Plugg inn ein omn på 1 kW på den kursen som ikkje har anna belastning (dvs. ikkje anna utstyr tilkobla), og sjå at målaren tel 1 kWh.  (Dette er ein grov test og vil berre avdekke grove avvik.  Det er ein fordel å la denne testen gå over litt tid, gjerne 1 døgn).

Forklaring:  (1kW = 1 000 W).  Dersom omnen på 1 kW står på i 8 timar, skal målaren telje 8 kWh.