Sjekkliste for eigenkontroll

Elsikkerhetsportalen har laga ein nettbasert egenkontroll. Denne kan du ta ved å følge linken: START DIGITAL ELSJEKK

Dette kan du kontrollera sjølv:

  • Inntakssikringane er som oftast montert der jordkabel eller luftlinje kjem inn i bygningen
  • Inntakssikringane skal ikkje vera unormalt varme
  • Spenningsførande delar ved inntak skal vera skjerma mot tilfeldig berøring
  • Sikringar i sikringsskåpet skal ikkje vera unormalt varme
  • Dersom sikringen ofte koplar ut, tyder dette på at det er for stor belastning på denne kursen
  • Kontroller at skrusikringar er godt tilskrudde
  • Det skal ikkje oppbevarast brennbart materiale eller uvedkommande ting i sikringsskåpet
  • Spenningsførande delar i sikringsskåpet skal vera skjerma mot tilfeldig berøring
  • Kontroller at varmeomnar ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar
  • Kontroller at veggomnar er godt festa
  • Kontroller at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom
  • Kontroller at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret
  • Kontroller at sengelampar og varmeomnar på barnerom er skikkeleg festa til veggen
  • Kontroller at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk
  • Kontroller at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar osv. er teke ut etter bruk
  • Kontroller at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk
  • Sjå etter at det ikkje er synlege feil og manglar på installasjonar og utstyr
  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn
  • Unngå mykje bruk av skøyteleidning
  • Elektrisk utstyr som vert brukt utandørs, skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt
  • Utan forvarsel kan ulykker ramma deg og dine næraste. Montering av jordfeilbrytar og overspenningsvern er ei god forsikring for å sikra bustaden mot brann og berøringsfare
  • Jordfeilbrytaren og overspenningsvernet vert montert i sikringsskåpet. Dette koplar ut straumen om det oppstår jordfeil
  • 1. desember; skift batteri i røykvarslar på røykvarslardagen

Dersom det vert avdekka feil eller manglar på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.

Du kan kontakta Indre Hordaland KraftNett for å gjera avtale om kontroll.