Om Indre Hordaland KraftNett AS (IHK)

Nett

IHK AS ligg i storslått natur i vakre Hardanger. Høgspent nettet til IHK består av både 132kV, 66kV, 22 kV og noko 11kV nett. 22 kV fordelingsnettet er det største og består av omlag 132 km jordkabel og 355 km luftlinjer. 66 kV nettet består av 1,5 km jordkabel og 20 km luftlinjer. I forsyningsområde er det vel 450 fordelingstransformatorar, fordelt mellom mastearrangement og nettstasjonar.

I tillegg er det 240 km kabel og 380 km luftspenn i lågspent fordelingsnett.

Energiselskapet Hardanger AS

Hardanger Energi AS

Indre Hordaland KraftNett AS

Hardanger Energi Breiband AS

Hardanger Energi AS

Indre Hordaland KraftNett AS

Hardanger Energi Breiband AS

 

Eigarskap

Indre Hordaland Kraftnett AS er 100 % eigd av Energiselskapet Hardanger AS. I konsernet inngår òg selskapa Hardanger Energi AS, Hardanger Energi Breiband AS, og 50 % av Teltech AS.

Eidjord kommune, Ulvik herad og Ullensvang kommune er eigarar av Energiselskapet Hardanger AS.

Nettselskapet har konsesjon i alle eigarkommunane og delar av Voss herad (tidlegare Granvin herad). Med nær 7000 kundar/målepunkt er IHK AS eit lokalt selskap som er rusta til å møta utfordringar i tida som kjem.

 

Føremål Energiselskapet Hardanger AS med dotterselskap

1. Omfang

Hardanger Energi AS driv kraftproduksjon og sal av kraft til sluttkunde.
Indre Hordaland KraftNett AS har ansvaret for energiforsyninga innanfor konsesjonsområdet.

2. Føremål

Føremålet til selskapet er å eiga, byggja og driva energiforsyning i heile konsesjonsområdet, det vil seia overføring, produksjon og omsetning, av elektrisk kraft. Selskapet skal vera ei konkurransedyktig og lønsam verksemd med drift etter forretningsmessige prinsipp.

Vidare kan selskapet driva eller eiga anna verksemd, eller andre verksemder med naturleg tilknyting til føremålet, delta i eller samarbeid med andre verksemder som har liknande føremål eller naturleg tilknyting til føremålet.

Selskapet skal arbeida for:

  • Å oppretthalde ein rimeleg og sikker energiforsyning i heile konsesjonsområdet.
  • Vera ein leiande totalleverandør av energi og energitenester innanfor konsesjonsområdet.
  • Vera ein serviceinnstilt og miljøbevisst energileverandør.

3. Eigardeler

Eigarar er desse kommunane med slik eigardel:

  • Ullensvang kommune 60,5%
  • Eidfjord kommune 24,2%
  • Ulvik herad 15,3%