Slik les du fakturaen frå oss
Mange opplever fakturaer frå kraft- og nettselskap som vanskelege å forstå.
Kvifor to leverandørar?
For at du skal få straum, må du ha avtale med ein straumleverandør og eit nettselskap. I nokre høve får du leveransane frå begge på same faktura — såkalla gjennomfakturering. I andre høve får du ein faktura frå kvart selskap.
Nettselskapet
Nettselskapet syter for framføring av straum til deg. Det er monopolverksemd, og difor strengt regulert av styresmaktene gjennom NVE. Nettselskapet fakturerer nettleige, som består av ein fast og ein variabel del: eit fastbeløp ut frå kor mykje straum du brukar samstundes (kapasitetsledd), og ein pris per kWh (energiledd). I tillegg krev nettselskapa inn offentlege avgifter som forbruksavgift, Enova-avgift og meirverdiavgift.
Kraftleverandøren
Kraftleverandøren leverer sjølve vara. Dette er konkurranseutsett verksemd, og du kan velja mellom fleire leverandørar. Kva som står på fakturaen avheng av kraftavtalen din — til dømes spotpris eller fastpris. Har du spotpris, er påslaget til kraftleverandøren spesifisert; har du fastpris, er det inkludert. Nokre leverandørar har eit fast månadsbeløp i tillegg. Kraftleverandøren krev òg inn offentlege avgifter som elsertifikat og meirverdiavgift.