IHK logo kvit

Feil Jondal 10.12

Feil på straumforsyninga 10.12 i Jondal og mot Utne. IHK mista normal straumforsyning frå Fagne/Mauranger.

Status

Gjennom natta og torsdagen skulle alle kundar ha hatt straum som normalt.

Logg

Meldinga som gjekk ut

IHK fekk melding om at feilen var varig, og arbeidde med å gjenoppretta straumforsyninga via reservenettet vårt. Anlegg måtte reknast som straumførande under heile utkoplingsperioden.

Kl. 21.16 — utfallet startar

Det vart forsøkt gjeninnkopling frå hovudnettet, men grunna varig feil måtte IHK starta kopling mot reservenettet. Det krev ei stegvis gjenoppretting for å unngå nye utfall, noko som gjer at jobben tek tid.

Ca. kl. 22.30

Alle kundane var spenningssette.

Ca. kl. 23.15

Kundar på strekninga Jondal–Utne–Aga vart råka av eit kortvarig utfall på den eine reservelinja.

Omfang

Kring 1300 kundar var utan straum på det meste.

Årsak

IHK fekk informasjon om at feilen skuldast utfall på Statnett si 300 kV-linje som forsyner Mauranger. Denne linja er tilknytinga mellom nettet i Jondal og den nasjonale straumforsyninga. Utfallet fekk følgjer for både Fagne og IHKs underliggjande nett.