Utbetaling etter straumbrot
Hushaldningar og fritidsbustader har krav på kompensasjon ved straumbrot som varer over 12 timar.
Satsar for kompensasjon
Per målepunkt.
| Type | Ved avbrot på 12 timar | Deretter |
|---|---|---|
| Hushaldningar | 500 kroner | 40 kroner per time |
| Fritidsbustader | 125 kroner | 10 kroner per time |
Ein samla årleg kompensasjon kan ikkje overstiga forventa innbetalt nettleige for inneverande år.
Slik blir varigheita rekna
Varigheita blir rekna frå det tidspunktet nettselskapet først fekk melding om avbrotet, eller visste eller burde ha visst at eit avbrot har funne stad. Nettkundar utan AMS må sjølve varsla nettselskapet når dei opplever straumbrot; då blir varigheita rekna frå tidspunktet for varselet.
Du treng ikkje søkja
Me utbetaler kompensasjonen utan at du treng søkja om det. Utbetalinga skal koma seinast 12 veker etter at avbrotet fann stad. Har du spørsmål om utbetalinga, kan du venda deg til oss.
Ikkje ei erstatningsordning
Kompensasjonsordninga er ikkje ei erstatningsordning for faktiske kostnader du opplever som følgje av straumbrot. Det blir regulert gjennom forbrukarvernlovgjevinga og privatrettslege avtalar.
Varsla oss likevel
Sjølv om anlegget har AMS-målar, er det ikkje sikkert me fangar opp at det er straumbrot — det kan vera utfordringar med kommunikasjonen mot målaren, eller hovudsikringa kan ha gått. Det beste er difor å varsla oss, med mindre me allereie har varsla deg.