Kva er nettleige?
Nettleiga dekkjer kostnadene med å drifta, vedlikehalda og byggja ut straumnettet.
Kven bestemmer prisen?
NVE/RME — Noregs vassdrags- og energidirektorat og Reguleringsmynda for energi — bestemmer den totale inntekta nettselskapa skal ha på overføringstenester og nettleige.
Kva dekkjer ho?
Nettleiga skal dekkja alle kostnadene nettselskapet har til drift av og investeringar i nettet. Nettselskapet har framføringsplikt så framt det er samfunnsøkonomisk fornuftig. Det er kundane som genererer investeringar og utbygging av nett.
Anleggsbidrag
Nye framføringar kan utløysa anleggsbidrag — kunden betaler framføringskostnaden rekna etter særskilde reglar. Nettselskapet blir eigar av det nye anlegget og har ansvar for drift og vedlikehald i framtida.
Korleis blir kostnadene fordelte?
Kostnader med drift, vedlikehald, investeringar og nettap skal fordelast mest mogleg rettvist mellom kundegruppene, innanfor rammer sette av NVE. Fordelinga blir synleggjord i eit tariffskriv, der kvar kundegruppe blir prisa for seg. Tariffane er sette saman av eit fastledd og eit energiledd.
Nettap
Ved overføring av straum går noko av energien tapt — det blir mata inn meir energi enn sluttkunden brukar. Nettselskapet betaler spotpris for nettapsvolumet, og den kostnaden inngår i nettleiga. I vårt nettområde ligg nettapet på om lag 7–8 % av total energiflyt, rundt 10–12 GWh i året. Spotprisen påverkar difor kostnadene våre, og etter kvart nettleiga.
Offentlege avgifter
Frå 01.01.2025 omfattar dei offentlege avgiftene:
| Avgift | Sats |
|---|---|
| Forbruksavgift | januar–mars: 9,79 øre/kWh + mva. April–desember: 16,93 øre/kWh + mva. Oktober–desember: 12,53 øre/kWh + mva. |
| Avgift til Enova | 1,0 øre/kWh + mva (hushald, hytte og fritidshus). 800 kr/år + mva for andre enn hushald. |
| Meirverdiavgift | 25 % |
Kapasitetsledd og effektledd
Gjeldande frå 01.07.2022.
Under 100 000 kWh i året
Kapasitetsleddet blir sett ut frå snittet av tre døgnmaksar for den aktuelle månaden. Døgnmaks er den timen som har høgast forbruk. Snittmaksen er grunnlaget for kva fastbeløp du får den månaden. Målet er å jamna ut forbruket og unngå høgt forbruk enkelttimar — klarer me det, kan me utnytta det eksisterande straumnettet betre. Sidan drift, vedlikehald og investeringar er eit spleiselag mellom tilknytte kundar, er det i alle si interesse å halda kostnadene nede.
Over 100 000 kWh i året
Effektleddet blir rekna slik: timemaks for månaden multiplisert med effektledd vinter eller effektledd sommar.