Nettleige 2026
Tariffskriv og nettleigeprisar gjeldande frå 01.06.2026.
Nettleiga vert sett opp 6 % gjeldande frå 01.06.2026.
Kvifor endrar prisen seg?
Bakgrunnen for endringa er auka inntektsramme fastsett av styresmaktene. Kostnadsauken heng saman med auka kostnadsnivå i samfunnet generelt, og auka tapskostnader som følgje av høge straumprisar.
Kva er kapasitetsleddet?
Kapasitetsleddet er eit fast månadleg beløp som er basert på kor mykje straum ein brukar samstundes. Dersom du jamnar ut straumforbruket gjennom døgnet, får du lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum samstundes.
Trappetrinnsmodellen
Gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk, på tre ulike dagar i førre månad, avgjer kva trinn du hamnar i. Ein kan med andre ord få ulikt kapasitetsledd frå månad til månad. 90 % av kundane våre ligg i trinn 1, 2 eller 3, og mange ligg lågare om sommaren enn om vinteren.
Privatkundar under 100 000 kWh i årleg forbruk
Kapasitetsledd — fast månadleg beløp etter trappetrinnsmodellen.
| Trinn | Forbruk (kW) | Kr per månad |
|---|---|---|
| 1 | 0–2 | 265,- |
| 2 | 2–5 | 340,- |
| 3 | 5–10 | 465,- |
| 4 | 10–15 | 725,- |
| 5 | 15–20 | 1.000,- |
| 6 | 20–25 | 1.250,- |
| 7 | 25–50 | 2.000,- |
| 8 | 50–75 | 3.250,- |
| 9 | 75–100 | 4.500,- |
| 10 | 100– | 7.500,- |
Energiledd: 46,41 øre/kWh. Inkl. alle avgifter — MVA, forbruksavgift på 8,91 øre/kWh og Enova på 1,25 øre/kWh.
Tillegg for privatkundar
- Gebyr for manuell avlesing (standmålte anlegg)
- 1.875,- kr/år
- Byggeskåp — opp/ned gebyr
- 3.250,-
- Byggeskåp — døgnleige
- 20,-
Om standmålte anlegg
Frå 01.09.2023 fekk standmålte anlegg kapasitetsledd ut frå timesforbruk, på same måte som skildra over — gjennomsnittet av dei tre høgaste timane på tre ulike dagar. Kunden melder inn standar som før, og Elhub reknar ut forbruk per time ut frå desse avlesingane.
Effektmålt privat lågspent (over 100 000 kWh i årleg forbruk)
| Fastledd kr/år | Årstid | Effektledd kr/kW/mnd | Energiledd øre/kWh |
|---|---|---|---|
| 24.000,- | Sommar | 75,- | 35,16 |
| 24.000,- | Vinter | 75,- | 40,16 |
Vinter: oktober–mars. Sommar: april–september. Inkl. alle avgifter — MVA, forbruksavgift på 8,91 øre/kWh og Enova på 1,25 øre/kWh.
Næring under 100 000 kWh i årleg forbruk
For næringskundar er det berre éin effekttopp per månad som ligg til grunn for kapasitetsleddet.
| Trinn | Forbruk (kW) | Kr per månad |
|---|---|---|
| 1 | 0–2 | 212,- |
| 2 | 2–5 | 272,- |
| 3 | 5–10 | 372,- |
| 4 | 10–15 | 580,- |
| 5 | 15–20 | 800,- |
| 6 | 20–25 | 1.000,- |
| 7 | 25–50 | 1.600,- |
| 8 | 50–75 | 2.600,- |
| 9 | 75–100 | 3.600,- |
| 10 | 100– | 6.000,- |
Energiledd: 29 øre/kWh. Prisar er utan mva. Forbruksavgift 7,13 øre/kWh og Enova 800 kr/år kjem i tillegg. Byggeskåp næring: opp/ned gebyr 2.600,-, døgnleige 16,-.
Næring over 100 000 kWh i årleg forbruk
| Nettnivå | Fastledd kr/år | Årstid | Effektledd kr/kW/mnd | Energiledd øre/kWh |
|---|---|---|---|---|
| Lågspent | 19.200,- | Sommar | 61,- | 13 |
| Lågspent | 19.200,- | Vinter | 69,- | 15 |
| Høgspent | 19.200,- | Sommar | 36,- | 9 |
| Høgspent | 19.200,- | Vinter | 45,- | 11 |
Prisar er utan mva. Forbruksavgift 7,13 øre/kWh og Enova 800 kr/år kjem i tillegg.
Avgifter til staten
| Avgift | Sats |
|---|---|
| Forbruksavgift — alle kundar, inkl. i nettleige (energiledd for private kundar) | 7,13 øre/kWh (8,91 inkl. mva.) |
| Enova-avgift — hushaldsføremål, inkl. i nettleige (energiledd) | 1,0 øre/kWh (1,25 inkl. mva.) |
| Enova-avgift — næringskunde, inkl. i nettleige (årleg fastbeløp) | 800,- kr/år (1.000,- inkl. mva.) |
Kompensasjon ved langvarig avbrot
Hushaldningar og fritidshus har krav på kompensasjon ved straumbrot som varer over 12 timar. Varigheita blir rekna frå det tidspunktet me først fekk melding om avbrotet, eller burde ha visst om det.
| Type | Ved avbrot over 12 timar | Deretter |
|---|---|---|
| Hushaldningar | 500 kr | 40,- kr per time |
| Fritidshus | 125 kr | 10,- kr per time |
Kompensasjonen blir utbetalt automatisk — du treng ikkje søkja. Ein samla årleg kompensasjon kan ikkje overstiga forventa innbetalt nettleige for inneverande år. Ordninga er ikkje ei erstatningsordning for faktiske kostnader; det blir regulert gjennom forbrukarlovgjeving og privatrettslege avtalar.
Gebyr og diverse
- Mellombels avstenging på kundens ønske
- 1.375,- (1.100,- + MVA). Faste kostnader løper i perioden.
- Purregebyr ved ubetalt rekning
- 35,-
- Gjenopning etter stenging for manglande betaling
- 1.375,- (1.100,- + MVA), i tillegg til skuldig sum
- Tillegg utanfor normal arbeidstid
- 600,- inkl. mva.
- Tariffendring
- Krev skriftleg dokumentasjon frå kunde. Endringa blir utført frå neste avrekning.
- Opning og stenging av HAN-port
- Send tinging på e-post til post@nett.ihk.no
Vilkår
Byggestraum
For at byggeskåpet skal vera montert når du treng det, ønskjer me tinging fire dagar før montering. Bruk skjemaet for byggestraum, eller ring oss på 53 67 16 00.
Standard vilkår
Elektrisk kraft blir levert i samsvar med Standard avtale for tilknyting, nettleige og kraftlevering, utarbeidd av Energi Noreg, med dei særvilkåra som går fram av tariffskrivet.
Tilknyting av nye anlegg
Ved tilknyting av nye anlegg blir det fakturert eit anleggsbidrag på bakgrunn av kostnaden med framføring av straum.
Slik blir nettleiga fastsett
NVE bestemmer den totale inntekta som nettselskapa skal ha på overføringstenester og nettleige. Nettleiga skal dekka alle kostnadene selskapet har til drift av og investeringar i nettet.
Melding om straumbrot
Sjølv om anlegget har AMS-målar, er det ikkje sikkert me fangar opp at det er straumbrot — det kan vera utfordringar med kommunikasjonen mot målaren. Det beste er difor å varsla oss, med mindre me allereie har varsla deg.