Eigenfråsegn forbruksavgift

Eigenfråsegn om rett til redusert sats eller fritak for forbruksavgift på elektrisk kraft.

Verksemder med rett til å få levert kraft med redusert avgiftssats eller fritak for forbruksavgift, må sjølve krevje dette ved å sende inn fylgjande dokumentasjon til nettselskapet: 

- stadfesting på næringskode frå Einingsregisteret

- eigenfråsegn som viser fordelinga mellom kraft som vert nytta til industri, bergverk og fjernvarme med krav på redusert sats, og kraft som vert nytta til andre føremål. Fordelinga skal kunne sannsynleggjerast. 

Den som gjev dokumentasjonen er ansvarleg for at opplysningane er rette og fullstendige. Som nettselskap er me pålagt frå myndigheitene å oppbevare denne dokumentasjonen, som ikkje skal vere eldre enn eitt år. 

Eigenfråsegn med vilkår og kva du må gjere for å få rett til fritak eller redusert sats finn du her:

pdfEigenfråsegn_om_rett_til_fritak_for_forbruksavgift.pdf

pdfEigenfråsegn_om_rett_til_redusert_forbruksavgift_for_elektrisk_kraft.pdf

Dersom nødvendig dokumentasjon ikkje føreligg, kan det fylgjeleg ikkje leverast kraft med redusert sats eller fritak for forbruksavgift. 

Meir informasjon om avgifta finn du her: Avgift på elektrisk kraft - Skatteetaten