IHK logo kvit

Norgespris

Ei ny statleg ordning som gjev deg forutsigbar straumpris gjennom året. Norgespris er frivillig, og eit alternativ til dagens straumstøtteordning.

Vil du halda fram som før?

Vil du halda fram med straumstøtta slik ho fungerer i dag, treng du ikkje gjera noko.

Vil du byta til Norgespris?

Då tingar du Norgespris ved å logga inn med BankID på Min side i Elhub. Har du ikkje BankID, ta kontakt med oss.

Løner det seg?

Kva som kjem best ut, er det ingen som veit før 2026 er over. Føretrekkjer du ein forutsigbar pris utan svingingar, er Norgespris eit godt alternativ. Loggar du inn på Min side i Elhub, får du oversikt over korleis Norgespris ville ha påverka straumfakturaen din tidlegare år.