Informasjon for installatør

Melding om installasjonsarbeid; saksgang 

Elektroentreprenøren skal senda melding til netteigaren i god tid før han startar eit installasjonsarbeid som medfører arbeid med stikkleidning, endring av kortslutnings- eller overbelastningsvern og arbeid i målepunktet / bryting av plombering.

Meldingen vert returnert frå netteigar innan 4 veker med påføring av nettinformasjon som: type stikkleidning, kortslutningsytelse, jordslutningsstraum, nett-type og spenning.
Elektroentreprenøren sender så melding tilbake når anlegget skal knytast til. Ferdigmeldinga må vera netteigar i hende seinast 7 dagar før tilkopling. Det må òg opplysast om tilkomst til målepunkt / bygget.

Melding om installasjonsarbeid skal sendast elektronisk.

For at du skal få lagt inn installasjonsmelding, må du fyrst få tilgang av oss.

Dette gjer du ved sende inn opplysningane under til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Så snart brukar er oppretta, vil du få tilsendt ein link pr. epost der du kan logge deg inn for å sende melding om installasjonsarbeid (innstalltørmelding på web - Elwin) 

  • Firmanamn:
  • Føretaksnr:
  • Bedriftsnr:
  • Adresse:
  • Postnr. og -stad:
  • Namn på installatør:
  • Namn på saksbehandlar som ynskjer tilgang:
  • E-post:
  • Telefonnr.:

 

Store tilknytingar (over 1 MW)

  • «Nettselskap» brukar Tilko – bransjen sin felles portal for større tilknytingar.

    I Tilko registrerer du kapasitetsbehovet ditt, følgjer saka di og får éin samla dialog med nettbransjen gjennom heile prosessen.

    Kva er Tilko?

    Tilko er ei nasjonal løysing for å handtere tilknytingssaker over 1 MW. Portalen gir deg oversikt over informasjonskrava frå nettselskapa, kva som trengst når, status på saka og dokumentasjonen din samla på eitt stad.

    Kvifor bruke Tilko?

    Éin digital inngang og éin felles prosess
    • Tydlege krav som reduserer misforståingar
    • Løpande status på saka di 
    • Betre føresetnad for vidare framdrift både for deg og nettselskapet. 

    Slik brukar du Tilko (3 trinn)

    1. Start førespurnad – opprett ei førespurnad med lokasjon og effektbehov. Kven, kva, kvar og når. 
    2. Legg ved naudsynt info – last opp etterspurd dokumentasjon; rettleiing ligg i portalen. 
    3. Følg saka – sjå status, svar på avklaringar og motta avgjerder i Tilko. 

    Lenkjer til:  
    https://tk.elbits.no/ 
  • [Brukarmanual for kunde]

     Omgrep du møter

    Kapasitetskø (køsatt): Rekkefølgja saker blir handsama i når kapasitet må reserverast. 
    Modenheitsvurdering: Sjekk av at prosjektet ditt oppfyller krav (t.d. realisme i effekt, lokasjon, finansiering og framdrift). 
    Utgreiingsavtale: Avtale om å greie ut nettløysing når dagens nett ikkje har kapasitet. 
    Anleggsbidrag: Din forholdsmessige del av kostnader ved naudsynt nettforsterking. 
    Tilknyting med vilkår: Mogleg løysing der forbruk kan koplast ut/begrensast ved behov. 

    Frå «køsatt» til «tilknytt» – kort fortalt

    Førespurnad i Tilko– “nettselskap” vurderer om det finst tilgjengeleg kapasitet. 
    Køsatt / reservasjon – Når kapasitet må reserverast, blir saka sett i kø etter nøytrale kriterium. 
    Utgreiing– Ved behov blir mogleg ny nettløysing greidd ut. 
    Plan og framdrift– Partane blir samde om milepålar. Reservasjon føreset at prosjektet følgjer planen. 
    Bygging og tilknyting – Nettiltak blir gjennomført og tilknyting avtalt. Etterpå blir endeleg anleggsbidrag rekna ut. 

    Viktig: Reservasjon kan falle bort dersom prosjektet ikkje har tilstrekkeleg framdrift. Hald informasjonen i Tilko oppdatert. 

    Treng du hjelp?

    Brukarmanual: Trinn-for-trinn rettleiing i Tilko 
    Kontakt “Nettselskap”: [Kontaktinformasjon]

Elbil-ladar

Alle ladeanlegg skal meldast inn til oss, sjølv om kunden ikkje endrar storleiken på OV på installasjonen. Dette for at me vil ha oversikt over desse og begrensa skeivlast i nettet. Nettselskapet vil ikkje ha 1-fas- anlegg  over 25 A. 1-faseladarar må difor justerast ned til maks 25 A.

Plusskunde

Alle anlegg som skal levere energi inn til Indre Hordaland KraftNett AS skal meldast inn til oss. Me vil ta kontakt med kunde og gjere denne/installatør kjend med krav til installasjon. Vidare skal det signerast ein avtale før ein får levere energi inn på vårt nett.