Opna HAN-porten
Opnar du HAN-porten på straummålaren din, får du tilgang til detaljert informasjon om straumforbruket ditt.
Kva er HAN-porten?
Den nye straummålaren din har ein eigen utgang som blir kalla HAN-port — Home Area Network. Der kan du kopla til eksternt utstyr, til dømes informasjonsskjerm eller smarthusløysingar. Via HAN-porten kan du henta ut forbruksdata og få detaljert informasjon, slik at du kan styra straumforbruket betre.
Du må skaffa utstyret sjølv
For å utnytta desse løysingane må du sjølv kjøpa inn utstyr for straumstyring eller smarthustenester hos andre, uavhengige aktørar. Fleire straumleverandørar og kommersielle leverandørar sel utstyr som gjev god oversikt over straumforbruket i huset.
Slik bestiller du
Send tinging om opning eller stenging av HAN-port på e-post til post@nett.ihk.no.