Reglar for anleggsbidrag
Ved nyanlegg eller forsterkingar i eksisterande fordelingsnett skal me krevja anleggsbidrag, regulert i gjeldande forskrifter.
Heimelen er § 17-5 i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering. Anleggsbidraget blir rekna ut for kvart prosjekt etter utført arbeid. Før du tingar noko som utløyser anleggsbidrag, kan du få ein budsjettkostnad eller prognose ved å venda deg til oss.
Kva skal du gjera?
1. Sjekk kapasiteten
Sjekk med oss om det er kapasitet på nettet der du vil byggja.
2. Kontakt installatør
Ved nyinstallasjon tek du kontakt med ein installatør. Før installasjonen startar, får me melding frå installatøren.
3. Rekn med anleggsbidrag
Hushald, hytte- og næringskundar må betala eit anleggsbidrag som blir rekna ut etter medgått kostnad på anlegget. Du kan få budsjettpris ved å venda deg til oss.
4. Kosta installasjonen sjølv
All installasjon etter fordelingsskåpet vårt må du kosta sjølv. For bustader er overbelastningsvernet 3 × 63 A for 230 V IT-nett, og 2 × 40 A eller 4 × 40 A for 400 V TN-nett. Er det ledig kapasitet på transformator og i lågspentnettet, kan me tillata meir.
5. Dekk til inntakskabelen
Inntakskabelen skal vera tildekt før tilkopling.
6. Tilknyting
Når me får melding frå installatøren om at installasjonen er ferdig, kan tilknyting skje. Anleggsbidraget blir rekna ut og sendt ut like etter.
Kva anleggsbidraget dekkjer
Anleggsbidraget kan vera sett saman av kundespesifikke kostnader og ein andel av kostnadene for felles anleggsdelar.
Materiell
Kabel og dekkbord, fordelingsskap, eventuelle rør, andel av kostnaden ved å auka transformatorkapasiteten, og nettstasjon.
Arbeid
Innhenting av avtalar og løyve, arbeidstimar til planlegging og utføring, idriftsetjing og kontroll, og dokumentasjon — oppdatering av kartverk og anleggsregister.
Graving
Kabelgrøfter, grunnarbeid og leggjekostnader. Alt gravearbeid skjer i samsvar med gjeldande forskrifter og bransjestandarden REN.