Installasjon og tilknyting
Føringar og nyttig informasjon når du skal knyta deg til straumnettet vårt.
I nokre høve er det uproblematisk å knyta nye kundar til nettet, særleg i nye tilrettelagde felt der det er teke høgde for effektbehovet. I andre område er det ikkje ledig kapasitet i det heile. Me jobbar kontinuerleg med nettforsterkingar, slik at alle nye kundar skal kunna knyta seg til.
Praktisk informasjon
Start med installatøren
Ved nyinstallasjon tek du kontakt med ein installatør. Før installasjonen startar, får me ved Det Lokale Eltilsyn (DLE) melding frå installatøren. Meldinga skal seia kva som skal gjerast, effektbehov og gnr./bnr. for tomta.
Leveringspunktet
Me avgjer kvar inntakskabelen til kunden blir kopla til nettet vårt. Det er leveringspunktet, der me plasserer kortslutningsvern mot inntakskabelen. Det skal vera eitt kortslutningsvern til kvar installasjon.
Ved luftleidning
Der det er luftleidning frå nettet til bustaden, er leveringspunktet på husveggen. Kortslutningsvernet er som oftast plassert innanfor husveggen og er kunden sitt ansvar. Sjå leveringsvilkåra § 4 om tilknyting, side 18.
Kostnader med nett-tilknyting
Anleggsbidrag
I kvart tilfelle blir det vurdert om nettet kan bera effektauken. Må me gjera naudsynte forsterkingar eller byggja nytt nett for å kunna knyta til ein ny kunde, må kunden eller utbyggjaren dekkja delar av eller heile anleggskostnaden. Det blir fakturert som anleggsbidrag, i tråd med retningslinene frå NVE, § 17-5 i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering.
Etter leveringspunktet
All installasjon etter fordelingsskåpet eller leveringspunktet må kunden kosta sjølv. Det må installerast skåp med plass til straummålar, og overbelastningsvern i sikringsskapet.
Storleik på overbelastningsvern
- Bustader, 230 V IT-nett
- 3 × 63 A
- Bustader, 400 V TN-nett
- 2 × 40 A eller 4 × 40 A
- Over denne grensa
- Kan tillatast dersom det er ledig kapasitet på transformator og i lågspentnettet.
Sluttkontroll av nytt elektrisk anlegg
Når kan tilknyting skje?
Når me ved DLE får melding frå installatøren om at installasjonen er ferdig, og tilknytingsgebyr og eventuelt anleggsbidrag er betalt.
Inntakskabelen
Inntakskabelen skal vera tildekt før tilkopling. Anlegg der kabelen ikkje er tildekt, blir ikkje kopla til.
Bli med på kontrollen
Me oppfordrar alle kundar til å vera med når DLE kontrollerer den elektriske installasjonen. Kontrollen går gjennom ei sjekkliste på minst 20 punkt. Ønskjer du å delta, tek du det opp med den autoriserte installatøren din eller med DLE.
Er noko uklart?
Ta kontakt med oss.