Leveringsplikt
Når du opprettar eller flyttar inn på eit nytt målepunkt, er det viktig å ta kontakt med ein kraftleverandør.
Kva er leveringsplikt?
Inntil du har valt ein kraftleverandør, er nettselskapet kraftleverandør. Det blir kalla leveringsplikt, og er meint som ei mellombels ordning.
Elsertifikat
Frå 01.01.2012 innførte styresmaktene ei ordning med elsertifikat. Er du registrert med leveringsplikt, er kostnaden med elsertifikat lagd inn i påslaget.
Pris på leveringsplikt
Spotpris med påslag, etter satsane NVE har fastsett.
| Periode | Påslag eks. mva. | Påslag inkl. mva. |
|---|---|---|
| Dei første 6 vekene | 5 øre/kWh | 6,25 øre/kWh |
| Etter 6 veker | 8 øre/kWh | 10 øre/kWh |
Påslaget kjem i tillegg til gjeldande spotpris. Kostnaden med lovpålagt elsertifikat er inkludert.