AMS — avansert måle- og styringssystem
Me har skifta nær alle gamle straummålarar til nye AMS-målarar.
Kva det betyr for deg
Med nye målarar blir forbruket til kvar kunde avrekna meir nøyaktig. Du kan bruka data frå målaren til å styra eige forbruk, og dermed kostnaden din.
Kva det betyr for nettet
Nettselskapet har no teknologien som skal til for å utnytta straumnettet betre i framtida. Me kan spara investeringar fordi me har eit betre datagrunnlag for å planleggja nye anlegg og vurdera eksisterande kapasitet.
Gebyr for manuell avlesing
- Reisetid til målepunkt
- 760 kr per time (reisetida er rekna ut frå ein snittfart på 50 km/t)
- Avstand til målepunkt
- 5 kr per km
- Ferje eller bompengar
- Kjem i tillegg der det er aktuelt
- Arbeid på staden
- 2 timar à 760 kr
- NVE si maksgrense
- 1 875 kr inkl. mva. per år
Kostnaden skal vera lik for alle kundar, så totalkostnaden for alle målepunkta blir delt på talet på målepunkt som blir avlese manuelt. Me har rekna ut ein høgare kostnad enn NVE si maksgrense, og difor er gebyret vårt 1 875 kr per år.