Faktura

20240617 kontor faktura

Slik les du fakturaen frå oss

Mange opplever fakturaer frå kraft- og nettselskap som vanskelege å forstå. 

For at du skal få straum, må du ha avtale med ein straumleverandør og eit nettselskap. I nokre høve kan du få leveransane frå desse to leverandørane på ein og samme faktura, såkalla gjennomfakturering. I andre høve får du ein faktura frå kvart selskap. 

Nettselskap - syter for framføring av straum til deg. Nettselskap er monopolverksemd, og er av den grunn strengt regulert av myndigheitene gjennom Norges vassdrags og Energidirektorat (NVE). Nettselskapet fakturerar nettleige som består av ein fast del og ein variabel del. Ut frå kor mykje straum du brukar samstundes må du betale eit årleg fastbeløp (kapasitetsledd), i tillegg må du betale ein pris pr kWh (variabel del kalla energiledd). I tillegg krev nettselskapa inn offentlege avgifter som forbruksavgift (òg kalla el-avgift), Enova-avgift og meirverdiavgift. 

Kraftleverandør - leverer vara til deg. Dette er konkurranseutsett verksemd, og du kan velje mellom fleire leverandørar. Kva som står på fakturen frå kraftleverandør er avhengig av kva kraftavtale du har, f.eks. spotpris eller fastpris. Har du spotpris er kraftleverandørens påslag spesifisert, har du fastpris er dette inkludert. Nokre leverandørar har eit fast månadsbeløp i tillegg. Kraftleverandøren krever òg inn offentlege avgifter som elsertifikat og meirverdiavgift.