Flyttemelding
Kontakt straumleverandøren din for å teikna nytt straumabonnement der du flyttar inn, og for å avslutta abonnementet der du flyttar ut.
Målarstanden les seg sjølv
Målarstanden vert avlesen automatisk med dei nye AMS-målarane. Nettselskapa får automatisk melding om både nytt abonnement og avslutning av det gamle.
Manglar me ny abonnent?
Dersom nettselskapet manglar ny abonnent på målepunktet du flyttar frå, vil du verta kontakta for informasjon om dette: namn, adresse, telefonnummer og fødselsdato eller organisasjonsnummer til den som overtek ansvaret.
Datoane må stemma
Det er viktig at sluttdatoen din stemmer overeins med startdatoen for den nye abonnenten.
Har du leveringsplikt?
Om du ikkje har straumleverandør og har såkalla leveringsplikt, er det nettselskapet du skal kontakta for å avslutta abonnementet der du flyttar ut.