IHK logo kvit

Kundeservice

Velkomen til oss! Ta kontakt på e-post, telefon eller skjemaet under, så svarar me så snart me kan.

Ved feil utanom arbeidstid, ring vakttelefonen på 99 53 51 00.

Spørsmål og svar

Korleis blir forbruk og måleverdiar registrerte?
Dei aller fleste har i dag AMS-målar, der forbruk og måleverdiar blir avlesne automatisk. Har du målar med manuell avlesing, les du av og melder inn stand den 1. kvar månad. Forbruket blir då fordelt time for time etter justert innmatingsprofil (JIP) — gjennomsnittsprofilen for alle kundar i nettområdet som ikkje blir avlesne automatisk. Kvar målar er i tillegg registrert med eit forventa årleg forbruk, og om me må stipulera ein målarstand, blir forventa årsforbruk og JIP lagde til grunn.
Kva er nettleige?
Nettleige er prisen du betaler for å få overført straum til huset ditt. Ho blir fastsett innanfor inntektsramma me har fått tildelt av NVE — det vil seia at NVE kvart år fastset kor mykje me totalt har lov til å ta betalt frå kundane våre. Nettleiga er delt i eit fastledd (kapasitetsledd) og eit energiledd.
Korleis blir kapasitetsleddet rekna ut?
Kapasitetsleddet er eit månadleg beløp basert på kor mykje straum du brukar samstundes, etter ein trappetrinnmodell. For privatkundar avgjer snittet av dei tre timane med høgast forbruk, på tre ulike dagar i månaden, kva trinn du hamnar i. For næringskundar er det berre éin time som ligg til grunn — den eine timen med høgast forbruk i månaden. Energileddet er den variable delen, som blir avrekna etter forbruk i kWh.
Når fakturerer IHK?
Me fakturerer månadleg på etterskot, så snart alle måleverdiane time for time for siste månad er klare. Nettselskapa har ansvar for innsamling og eksport av måleverdiar til Statnett sin database Elhub, den sentrale datahuben for måleverdiar og marknadsprosessar i den norske kraftmarknaden. Måleverdiane blir sende vidare til kraftleverandøren på det aktuelle målepunktet. Har kraftleverandøren avtale med oss om gjennomfakturering, får du nettleige og kraft på same faktura.
Eg har pengar til gode — kva skjer?
Private kundar: beløp under 300 kr kjem til fråtrekk på neste faktura. Ved beløp over 300 kr blir heile beløpet utbetalt til kontonummeret siste fakturainnbetaling vart betalt frå. Næringskundar: som hovudregel blir heile beløpet utbetalt til kontonummeret siste fakturainnbetaling vart betalt frå.
Kva er leveringsplikt?
For at du ikkje skal stå utan straum før du har inngått avtale med ein kraftleverandør, er me som nettselskap pålagde av styresmaktene å levera straum til deg gjennom ein avtale som blir kalla leveringsplikt. Det er ei mellombels ordning, og prisen er høgare enn du normalt vil få frå ein kraftleverandør. Prisen er gjeldande spotpris med påslag på 5 øre/kWh eks. mva. (6,25 øre/kWh inkl. mva.) dei første seks vekene. Etter seks veker aukar påslaget til 8 øre/kWh eks. mva. (10 øre/kWh inkl. mva.). Prisen inkluderer òg kostnaden med lovpålagt elsertifikat.
Eg skal flytta — kva gjer eg?
Kontakt straumleverandøren din for å teikna nytt straumabonnement der du flyttar inn, og avslutta abonnementet der du flyttar ut. Målarstanden blir avlesen automatisk med AMS-målarane, og me mottek automatisk melding om både nytt abonnement og avslutning av det gamle. Manglar me ein ny abonnent på målepunktet du flyttar frå, kontaktar me deg for namn, adresse, telefonnummer og fødselsdato på den som overtek. Det er viktig at sluttdatoen stemmer med startdatoen til den nye abonnenten. Har du ikkje straumleverandør og går på leveringsplikt, er det oss du skal kontakta for å avslutta abonnementet.
Kan IHK levera ut data til rekneskapsføraren min?
Me krev fullmakt frå kunden når ein tredjepart ønskjer tilgang til fakturaer eller reskontro. Det er for å sikra at me ikkje sender sensitiv informasjon til feil mottakar. GDPR stiller strenge krav til handsaminga vår av kundedata, og det er i alle kundar si interesse. Du kan òg administrera tilgang for tredjepart sjølv ved å gje dei tilgang til kundesidene dine — men merk at dei då får tilgang til all historikk på faktura, forbruk og meir, så det føreset full tillit.