IHK logo kvit

Feil på elektrisk anlegg i eigen installasjon

Vert utstyr i eigen installasjon defekt, og du meiner det heng saman med straumforsyninga, skal det varslast til eige forsikringsselskap med kopi til oss.

Slik går saka vidare

1. Meld frå til forsikringsselskapet ditt

Varsl ditt eige forsikringsselskap, og send kopi til Indre Hordaland KraftNett AS.

2. Selskapa avklarar ansvaret

Forsikringsselskapet ditt tek så kontakt med vårt forsikringsselskap, som avklarar om Indre Hordaland KraftNett AS står ansvarleg for skaden eller feilen.

Når er nettselskapet ansvarleg?

Hovudregelen

Generelt kan ein seia at nettselskapet står ansvarleg for skade eller feil på anlegga til sluttkunden i dei tilfella ein kan påvisa uaktsame handlingar frå nettselskapet.

Lynnedslag og naturfenomen

Lynnedslag og diverse andre naturgjevne fenomen vert ikkje rekna som uaktsame handlingar frå nettselskapet. I slike høve er det eiga forsikring som må dekkja eventuelle feil eller skadar dette måtte medføra.

Ut- og innkoplingar

Alt elektrisk utstyr skal tola normale ut- og innkoplingar av straumforsyninga. Slike koplingar er naudsynte i samband med vedlikehald av straumforsyningsnettet, og til dømes når me må leggja om nettforsyninga.