IHK logo kvit

Dette kan du gjera sjølv

Utbetringar, nye anlegg og liknande skal utførast av godkjend installatør. Følgjande kan du likevel gjera sjølv.

1.

Montera og skifta varmeomnar, dersom dei har leidning med støpsel.

2.

Kopla til eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.

3.

Kopla til eller skifta topola skøytekontaktar og apparatkontaktar, og montera leidningsbrytarar.

4.

Kopla til lampettar, bordlamper og liknande med bevegeleg leidning, og montera leidningsbrytarar.

5.

Kopla til og skifta lamper som heng i takkrok eller liknande og er tilkopla med støpsel. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen, slik at leidningane ikkje blir fysisk belasta. Dette gjeld ikkje der lampa er å rekna som ein del av den faste installasjonen, altså festa til underlaget med skruer.