IHK logo kvit

Byggja, grava eller rydda skog?

Skal du grava i bakken? Anten det er på privat eller offentleg grunn, må du undersøkja om det ligg straumkablar der.

Varsl oss før arbeidet tek til

Du kan verta erstatningspliktig

Du kan verta erstatningspliktig dersom du forårsakar skade på anlegg og retningslinjene ikkje er følgde.

Dette må du hugsa

Graving

Skal du grava på privat eller offentleg grunn, må du undersøkja om det er straumkablar i grunnen før du set i gang.

Arbeid nærare enn 30 meter frå luftspenn

Dersom kran, gravemaskin eller liknande skal brukast nærare enn 30 meter frå luftspenn, skal me varslast før arbeidet tek til.

Lagring under luftspenn

Det er ikkje lov å bruka området under luftspenn som lagringsområde.

Trefelling nær straumlinjer

Har du behov for å fella eit tre som står nær straumlinjer eller luftspenn, og kjenner risiko ved å fella det sjølv? Ta kontakt, så gjer me ein avtale.

Tenk tryggleik for deg sjølv og andre

Ring oss på 53 67 16 00 før du set i gang, så finn me ut av det saman.

Kontakt oss