Kontroll i private bygningar
DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygningar og liknande.
Det er ein stor fordel at eigar eller brukar deltek under kontrollen — då kan me gje informasjon om eltryggleik, og forklara kva som er faren ved eventuelle avvik. Inspektøren følgjer leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane fram til tilkopla apparat og utstyr.
Inntaksboksen
1.
Rette sikringar, og eventuell varmgang.
2.
Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring, slik at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.
Sikringsskåpet
1.
Måling av isolasjonsmotstand (jordfeil).
2.
Test av jordfeilbrytarar og automatar.
3.
Måling av feilstraumar.
4.
Korrekt merking og rett storleik på sikringar.
5.
Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring.
6.
Kontroll av jording — hovudjord og utjamningssamband.
7.
Eventuell varmgang, til dømes lause tilkoplingsklemmer.
8.
At det ikkje er oppbevart brennbart eller uvedkomande materiale i sikringsskåpet eller tavlerommet.
Den faste installasjonen
1.
Kontinuitetstesting av jording — at jordforbindelsane er i orden.
2.
Det skal ikkje vera blanda jorda og ujorda installasjonar.
3.
Alle kablar og leidningar skal vera godt festa.
4.
At kablar, elektriske installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har skadar.
5.
At kablar, installasjonar og utstyr ikkje har varmgang — visuell kontroll av brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar og liknande.
Tilkopla utstyr
1.
Kokeplater på komfyren skal alltid vera slåtte av etter bruk.
2.
Varmeomnar skal ikkje vera dekte til.
3.
Utstyr som trekkjer mykje straum skal ikkje vera tilkopla via skøyteleidning.
4.
Varmeomnar og sengelampar på barnerom skal vera festa til veggen.