IHK logo kvit

Internkontroll i næringsverksemd

Alle verksemder er pålagde å ha eit eige internkontrollsystem som mellom anna omfattar dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.

Dette skal systemet dokumentera skriftleg

1.

Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik.

2.

Korleis verksemda er organisert, og korleis ansvar og oppgåver innanfor HMS er fordelte.

3.

Kartlegging og vurdering av risiko — brev, rapportar, måleresultat og liknande.

4.

Kva som skal gjerast, kor ofte og av kven (handlingsplan).

5.

Rutinar for handtering av feil og manglar.

6.

Korleis HMS-rutinane blir evaluerte, for å sikra at dei fungerer etter føremålet.

Internkontrollsystemet skal tilpassast storleiken og verkeområdet til verksemda.

Korleis laga eit HMS-system

Dei viktigaste trinna i å utvikla eit system for å følgja opp helse, miljø og tryggleik.

1. Set mål og fordel ansvar

Arbeidsgjevaren har ansvaret for HMS og bør ta initiativet, men prosessen må skje i samarbeid med arbeidstakarane. Set mål for HMS-arbeidet, og skriv ned korleis verksemda er organisert og kven som har ansvaret for å følgja opp.

2. Skaff oversikt over regelverket

Finn ut kva lover og forskrifter som er aktuelle for verksemda. Det avheng av kva arbeid de utfører og kor risikofylt det er. Kontakt tilsynsstyresmaktene om du er i tvil.

3. Kartlegg det som alt finst

Skaff oversikt over tryggleiksrutinar de allereie har — opplæring, brannøvingar, bruk av verneutstyr. Dei kan inngå i internkontrollsystemet.

4. Kartlegg risiko

Ein enkel risikoanalyse kan vera tre spørsmål: Kva kan gå gale? Kva kan me gjera for å hindra det? Korleis kan me redusera konsekvensane dersom det likevel skjer? Risikoen varierer — belastningslidingar, støy, konfliktar, kjemikaliar, farlege maskiner.

5. Lag ein handlingsplan

Planen skal visa kva som skal gjerast, kven som skal gjera det, og når det skal vera gjort.

6. Gjennomfør tiltaka

Sjølve gjennomføringa er den viktigaste delen av HMS-arbeidet.

7. Evaluer systemet

I tillegg til den jamlege oppfølginga må verksemda med jamne mellomrom gå gjennom sjølve systemet og vurdera om det har fungert i praksis, eller bør endrast.