IHK logo kvit

Jordfeil

Jordfeil kan oppstå i varmtvassberedar, vaskemaskin, lysarmatur, varmekablar, ved spikergjennomslag i kabel og i mange andre elektriske komponentar.

Jordfeilbrytaren

Nyare installasjonar har jordfeilbrytar som koplar ut straumen, slik at feilen ikkje skal føra til større skade. Den same jordfeilen kan bli målt og gje utslag hjå alle som er tilkopla same transformatorstasjon.

Feil kan koma sporadisk

Jordfeil kan koma sporadisk og vera vanskeleg å finna. Feil hjå andre kan òg føra til at jordfeilbrytaren din slår ut. Første steg er uansett å kontrollera eige anlegg — det kan ein installatør hjelpa deg med. Ligg feilen utanfor ditt anlegg, må det meldast til oss.

Slik lokaliserer du ein jordfeil sjølv

1.

Skru ut alle sikringar og automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringa).

2.

Slå inn jordfeilbrytaren igjen.

3.

Kopla inn éin og éin sikringskurs, til jordfeilbrytaren koplar ut igjen.

4.

Slå av eller skru ut den kursen det er feil på, og kopla inn jordfeilbrytaren igjen.

5.

Slå av alle brytarar og trekk ut alle støpsel på den sikringskursen, og skru inn sikringa igjen.

6.

Slå på eitt og eitt apparat til feilen oppstår igjen. Då har du funne apparatet som er årsaka. La det stå fråkopla.

Fann du feilen?

For utbetring av feil, ta kontakt med installatør. Ligg feilen utanfor ditt eige anlegg, meld frå til oss.

Meld frå