Kontroll av straummålar
Alle nettselskap blir årleg pålagde å ta ned eit utval målarar for kontroll.
Rutinekontroll
Om ein rutinekontroll syner avvik, kan nettselskapet bli pålagt å skifta alle målarar i den produksjonsserien. Det er svært lite feil på målarar, og desse kontrollane sikrar at eventuelle feil ikkje blir langvarige.
Tingar du sjølv ein kontroll
Tingar du ein målarkontroll av oss, må du betala eit kontrollgebyr på 1 000 kr dersom kontrollen syner at målaren går rett. Avdekkjer kontrollen feil på målaren, kjem det sjølvsagt ikkje gebyr.
Enkel eigentest
Er du usikker på om målaren går rett, kan du gjera ein grov test sjølv. Slå av alle sikringskursar bortsett frå éin du er heilt sikker på at det ikkje er belastning på — ta ut sikringane, så du er sikker på null belastning. Plugg inn ein omn på 1 kW på den kursen, og sjå at målaren tel 1 kWh. Døme: 1 kW = 1 000 W, så står omnen på i 8 timar, skal målaren telja 8 kWh. Testen avdekkjer berre grove avvik, og det er ein fordel å la han gå over tid — gjerne eit døgn.