Din heim — ditt ansvar
Kva kan du sjølv passa på? Det er mykje du kan gjera for å betra tryggleiken, med enkle metodar.
I kvardagen
Vanlege brannårsaker
Tørrkoking på komfyr, kaffitraktar og overdekking av elektrisk utstyr er vanlege årsaker til brann eller branntilløp. Oppvaskmaskin, tørketrommel, klesvaskemaskin og andre vanlege hjelpemiddel bør vera i bruk når nokon er til stades — ikkje om natta når ein søv.
Ta eit familieråd
Ein god idé er å ta eit familieråd og skriva opp tryggleikstiltak i heimen. Ei bevisst haldning og gode rutinar reduserer risikoen for uhell og skade.
Ettersyn kvart tiande år
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at ein godkjend elektroinstallatør gjennomfører ettersyn av elanlegget i bustaden din kvart tiande år.
Røykvarslar og rømmingsvegar
Skulle det oppstå brann eller røykutvikling, er det viktig at du har eit røykvarslarsystem som varslar i tide. Alarmen må vera så kraftig at du vaknar av han på soveromma. I tillegg er det viktig å ha gode rømmingsvegar. Kontroller røykvarslaren og skift batteri minst éin gong i året. Tenk gjennom korleis de skal evakuera dersom det brenn ulike stader i heimen.
Sjekk desse tre
Sjekk varmtvasstanken
Elsikkerhetsportalen har laga ein manual for korleis du sjølv kan sjekka varmtvasstanken din. OSO har hatt problem med nokre av produkta sine — sjekk om din OSO-varmtvasstank er råka.
Har du komfyrvakt?
Dei fleste brannar startar på komfyren, og ei komfyrvakt er ei god investering som kan hindra mange brannar.
Farlege produkt
På farligeprodukter.no finn du produkt som styresmaktene har vurdert kan vera skadelege for deg, direkte eller indirekte, saman med ei tilråding om kva du bør gjera. Produkta er meldte inn av forbrukarar, leverandørar eller produsentar. Produkt som ikkje finst i databasen kan framleis vera farlege, så meld gjerne inn produkt du mistenkjer kan vera skadelege.